HISTORIKK

Volleyball vart konstruert av KFUM-ledaren William G. Morgan i 1895. Den gongen vart sporten kalt for mintonette. Spelet kom til Europa med amerikanske soldatar under den første verdenskrig.
Det Internasjonale Volleyballforbundet, Fédération Internationale de Volleyball (FIVB), vart stifta i 1947. Det har hovedsete i Lausanne i Sveits og 220 medlemsland (per 2009) og ranker på toppen over verdas største internasjonale særforbund.
Til Norge vart volleyball innført i 1936 av Arbeidernes Idrettsforbund, kalt nettball. Norges Volleyballforbund vart stifta i 1946 med NM kvart år. Fram til og med 1969 vart NM-finalane spela utendørs.
 
Dale fekk si første volleyballgruppe i gang i 1979. Dei første åra hadde gruppa både dame og herrelag med i serien. I perioden 1985-88 var det god aktivet i gruppa med både juniorlag på gutesida og herrelag. I denne perioden deltok Dale med lag i fleire turneringar,  deriblant Ekeberg Cup  og juniorkretsfinale på Nordfjordeid. Sesongen 86/87  enda med opprykk til 3 øverste divisjon, men pga lita breidde i stallen  vart det berre ein sesong der. Mykje av grunnlaget for denne aktive perioden var  kontinuitet på trenarsida der både John Kåre Myklebust og ein innflytta sunnmøring, Gunnar Sunde gjorde ein solid innsats. Det medførte også til at to av  juniorane dei trente, ein flekking fra Vellereina og ein daling frå Svehaugen, seinare fekk høve til å spele volleyball på øverste nivå i Norge.
Utover 90 talet var det varierande aktivitet i gruppa. I ein periode hadde gruppa damelag med i serien, men ellers var det aktivitet i gruppa med fokus på å ha eit regelmessig trimtilbod utan å delta i noko seriesystem. John Kåre Myklebust, Magn Helge Brattelid og Gro Fivelsdal var sentrale personar med tanke på å ta ansvar for treningstilbodet utover heile 90 talet og starten på 2000 talet.
Utover 2000 talet var det i fleire år ikkje noko organisert tilbod i volleyballgruppa før hausten 2008. Då vart det sett i gang ei treningsgruppe for voksne, deretter vart det sommaren 2009 arrangert sommarkurs i volleyball for ungdommar, og frå hausten 2009 har det i perioden oktober- april  vore treningstilbod ein gong i veka for både unge og vaksne.