Om Dale IL

Dale Idrettslag vart skipa 24.juni 1926.


Denne dagen hadde nokre av ungdommane i Dale møtt fram i kommunehuset for å høyre ein gymnastikk-inspektør snakke om idrett. Det inspektøren, Anders Østerbø frå Høyanger, fortalde fengde tydelegvis og dei 14 ungdommane vart einige om å skipe ”Dale Idrottslag”.


 


Her er eit utdrag frå det første møtet Dale Idrottslag hadde 16.september 1926:


”Dale Idrottslag vart skipa av idrottsinspektør Anders Østerbø den 24 juni 1926. Fylgjande teikna seg som medlemmar av Dale Idrottslag og hev betalt lagspengane kr 2,00:


Nikolai Sægrov, Johan Dale, Bjarne Langeland, Gustav Skår, Anton Johannessen, Kristian Strand, Olav Strand, Fridtjov Hansen, Hans Heggheim, Gustav Skadal, Sigurd Skadal, Johan Strand, Kristoffer Hovland, Andreas Heggheim.


 


Til styre for Dale Idrottslag vart valde:


Formann: Nikolai Sægrov
Varaformann: Johan Dale
Kasserar: Bjarne Langeland
Skrivar: Kristoffer Hovland
Varamenn: Anton Johannessen, Kristian Strand


 


Lagspengane kr 28,- vart nytta til idrottsreidskap: Kule, spyd og diskos”:


 


Friidrett var den første aktiviteten då laget vart skipa.
Sidan har Dale IL meldt grupper i laget inn i dei fleste særforbunda i Noregs Idrettsforbund.


 


Viktige hendingar i Dale Idrettslag si historie:


 


1926 – 24.juni vert idrettslaget skipa


1927 – 15.mai vert den første konkurransen i friidrett arrangert. Ein skulle konkurrere i 100 m, 400 m, kule, diskos, spyd, høgdesprang og lengdesprang. I dette høvet vart det bestemt å kjøpe inn eit stoppeur, eit spyd, ein startrevolvar, 50 proppar og eit måleband.


1929 – Dale IL sender for første gong ein representant til krinsmeisterskap i friidrett. Kristoffer Hovland representerer laget. Styret vedtok å godgjere halvparten av reiseutgiftene, men det vart understreka at det vart ikkje utbetalt meir enn kr. 15,-…


1930 – laget fekk leige banksalen i kommunehuset slik at ein kunne drive gymnastikk. Kvar fredag kl. 21:00 var det derfor gymnastikktrening for medlemmane i laget.


1932 – Dale IL blir det nest beste laget i KM friidrett


1936 – første fotballkampen til Dale IL vart avvikla 28.juni mot Stongfjorden. Kampen vart spelt i Dale og Stongfjorden vann 3-1


1937 – innmelding i Sogn og Fjordane Fotballkrets


1938 – det vart bestemt at kvinner skulle få vere med som aktive medlemmer med full stemmerett. Damene starta då eit mosjonsparti.


1939 – innmelding i Fjordane Skikrins


1940-1945 – under krigen var det naturlegvis liten aktivitet, berre nokre skirenn og gutefotballkampar vart avvikla. Dale IL tok eit klart standpunkt mot nyordningane som nazistane prøvde å gjennomføre i norsk idrett. På grunn av laget sitt standpunkt fekk Dale IL fleire trusselbrev om kverrsetjing av laget sine midlar. Detta vart ikkje gjennomført.


1946 – skøyteløp for laget sine medlemmar på Strandavatnet. Vinnarane vart Jon Heggheim på 500 m og P.L. af Geierstam på 1500 m


1955 – første handballkampen i Dale vert avvikla, Dale vann 2-1 over Falken


1957-1968 – Ernst Keul sit som formann i Sogn og Fjordane Idrettskrins. Då han gjekk av mottok han ei av Norges Idrettsforbund si høgste utmerkingar


1968 – Dingemoen stadion er ein realitet, grasbane med friidrettsbane rundt, den første grasbana i Sunnfjord


1974 – Dale IL Fotball rykker opp til 3.divisjon for første gong


1976 – volleyballgruppa vert skipa og melde inn i seriesystemet


1977 – Nils Nitter mottar John Hopes minnepokal som blir delt ut for første gong. Dette er den høgste utmerkinga ein kan få i Dale-fotballen.


1978 – Vektløftargruppa vert skipa på årsmøtet


1987 – Norddalen Skisenter vert skipa


1989 – etter mange års arbeid med finansiering, startar arbeidet med bygging av Fjalerhallen


1990 – Fjalerhallen opnar! Endeleg får vi gode innandørs treningsfasilitetar også om vinteren


1992 – Til glede for alle skientusiastar vert lysløypa i Norddalen opna


1995 – Dale IL volleyball sitt herrelag er klar for 2.divisjon


1996 – Dale IL mottar Fjaler kommune sin kulturpris for laget sitt arbeid for born og unge


2001 – Dale IL feirar 75 år og utgir i anledning eit jubileumshefte som fortel litt om historia til idrettslaget