Litt om Dale IL Sykkel

Dale IL Sykkel vart skipa hausten 2006 med mål om å organisere eit tilbod til dei som ville drive med sykling og spinning.
 
Gruppa har gradvis vakse seg større, og i dag er vi 15-20 aktive syklistar i Dale IL Sykkel. Vi  deltek på fleire større sykkelritt som t.d Bergen-Voss, Birkebeiner-rittet, Jølster Rundt, Frå fjord til Fjell i Geiranger, Gaularfjellet Opp og vårt eige ritt, Postvegrittet.
 
Vi merkar at interessa for sykkelsporten er aukande i Dale, difor arbeider vi for å legge til rette for meir aktivitet. Vi har faste treningar gjennom heile året, spinning i Fjalerhallen om vinteren og trening ute i sommarhalvåret. Vi har 3 rekrutterings-syklar for landeveg, slik at vi kan tilby nye interesserte i å prøve seg saman med oss. Syklane passar for 12 år og oppover. Ynskjer du å prøve ein av våre syklar ta kontakt med ein av oss i styret.

14. August 2010 arrangerte vi første gong Postvegrittet. Rittet fylgjer denne traseen:

 
Dale-Vosseteig-opp Vassenden og rundt Strandavatne til Lyngje- Ned Stavsdalen via skytebana til Flekke- Rv57 til Rennestraum-Vassliås-Espedal-Hovland og Rv57 tilbake til Flekke- opp att Stavsdalen via skytebana til Stav- ned til kraftstasjonen og via Vosseteig tilbake til Dale. Løypa er ca 46 km med omlag 620 høgdemeter, berekna tid rundt er mellom 2,5 og 3 timar. Ein flott tur som går delvis i terreng så her er det best med offroad-sykkel. For meir info om postvegløypa sjå innom www.postvegrittet.no
 
I 2011 var rittet for fyrste gong seedingritt til Birken. Arrangementet vart ein suksess med mange gode tilbakemeldingar, sjå innom eigen flipp om Postvegrittet for bilder og resultatliste. Også årets ritt er blitt godkjent som seedingritt til Birkebeiner-rittet, som kun eit av 23 i Norge og einaste ritt mellom Bergen og Molde, og går av stabelen 4. August. Vi ventar endå fleire deltakarar enn dei 96 som fullførde ifjor.
 
For å delta på organisert trening for vidarekomne må du vere medlem i Dale IL Sykkel. Medlemskontingent vert kravd inn ein gong i året. Du bør og løyse heilårs-lisens, dette er ei forsikring mot personskader som skjer ifbm organisert sykkeltrening og ritt. Uhell skjer desverre også i denne idretten, og det er difor viktig med god forsikring. Dersom du deltek i ritt er du pliktig til å ha slik lisens , enten heilårslisens som du som medlem får kjøpt gjennom Dale IL Sykkel, eller eingongslisens som du kan løyse hjå arrangør av ritt.
Som medlem i Sykkelgruppa får du vidare høve til å kjøpe klubbens eigen sykkelbekledning til gunstige prisar. Kontakt Ståle Brattelid om du ynskjer det. Vi har litt på lager, og bestiller opp bekledning ein gong i året. Vidare får alle medlemer 20% rabatt på syklar og sykkelutstyr/bekledning hjå MX Sport Alf Salbu AS i Dale.

Vi har faste klubbtreningar ute i sommarhalvåret, og spinning inne vinterstid. Sjå under treningstider kor tid vi har planlangt trening.

 
 
Kontakt info:
  
Ståle Brattelid  Leiar, lisensansvarleg og kasserar. 95102565             stabratt@online.no
Linda Hovland 

Styremedlem, ansvarleg spinning, jentekontakt         

99017852 linda.hovland@gmail.no
Kjetil Felde Styremedlem og landevei kontakt 97032034 kjetil.felde@fjaler.kommune.no
Arvid Haugen Styremedlem 98497103 arvid.haugen@gmail.com
Frode Hellebust Terrengkontakt, Ansv ungdomsgruppe og Postvegrittet. 97431643 frode.hellebust@enivest.net
Martin Øverås Veterankontakt 99610564 har ikkje