Klubb fordelar

Dale IL Sykkel har eit tilbod om fellestrening ute i sommerhalvåret. Dette i tillegg til å drifte klubben generelt betyr at vi treng inntekter. Dale IL Sykkel krev difor inn ein årleg klubbkontingent for å dekke driftskostnader. Kontingenten vert avgjort av styret  kvart år, og skal vere betalt innan oppgitt frist. Informasjon om dette vert lagt ut på denne sida. Merk innbetalinga med namn, mobil nr, epost adresse og fødselsdato. Er du tidlegare registrert  treng du kun oppgje namn.

Betaling skal skje til:

Dale IL Sykkel v/Ståle Brattelid, 6963 Dale i Sunnfjord. Kontonr er 3741 12 53520.

Klubbkontingent er for 2013 sett til:

Vaksen                                    kr  250,-

Ungdom under 20 år            kr   75,-

BETALING SKAL VERE REGISTRERT INNAN 1. ÅRIL 2013

Ved registrert innbetaling innan fristen over får du eit rabattkort som gjev deg 20% rabatt på sykkel- og sykkelutstyr hjå MX Sport Alf Salbu. Oppmodar alle medlemer om å støtte vår lokale sportsforretning ved kjøp av sykkel og utstyr. 

Som medlem får du rettleiing på trening ute i sommarhalvåret.

Som medlem vert du lagt inn på våre SMS og epost lister, og får på den måten informasjon om meir spontane treningsturar m.m. som dukkar opp.

Sykkelklubben disponerer ein sykkelbag som du kan låne dersom du vil ha med deg sykkelen din på ferie e.l. Klubben har og ein stor skaptilhengar som du som medlem kan leige etter søknad til styret.

Som medlem får du høve til å kjøpe vår klubb-bekledning til gunstige prisar. Dette er topp kvalitet sykkelbekledning som gjev deg ei god oppleving på sykkelen i alt slags ver. Vi tek normalt opp bestilling på dette ein gong i året, men dette avheng litt av kva vi har på lager då vi er avhengig av ei viss minimumsbestilling. Pr mars 2013 er fylgjande på lager:

 

KORT TRØYE
PRIS KR 450,-

På lager i str XS, S, M og L
Alle som deltek i konkurranser og løyser årslisens får denne dekka av klubben og skal stille med denne i konkurranser.

 

trøye.JPG
SHORTS M/SELE
PRIS KR 675,-.

På lager i str S, M, L og XL

shorts.JPG

VINDVEST
PRIS KR 549,-.

På lager i str S og M

vindvest.JPG
DIV TILBEHØR
Lause bein (XL) kr 275,-
Lause armar (L) kr 195,-
Hansker sommer (M og L) kr 229,-.
Hansker Vinter (M og L) kr 329,-.
Hue kr 150,-

hansker-hue-bein og armer.JPG

VINTERJAKKE
PRIS KR 995,-.

På lager i str M

Vinterjakke.JPG
VINTERBUKSE U/PAD
PRIS KR 595,-.

På lager i str M.

Denne buksa er uten pad og kan nyttast til ski og løping i tillegg til sykkel.

vinterbukse.JPG