Fellestreningar

SPINNING

Tilbodet er no overført til Dingemoen Treningssenter/Helsestudio. Sjå på «Kalender» på framsida kor tid det er spinningtimar, og meld deg på timar direkte på denne nettsida. Instruktørar er Linda Hovland og Bente Liabø Thorsen. For å delta på spinning må du betale treningsavgift til Dingemoen Treningssenter, sjå «nettbutikk»


TERMINLISTE LANDEVEG VÅR 2014

Dag Dato Tur/Ritt Oppmøte tidspunkt Ca Km Type trening Merknad
tors 24.apr Nautsundet Dingemoen kl 1900 40 tempo/bakketrening
sund 27.apr Skifjorden rundt Dingemoen kl 0900 90 roleg tur
tys 29.apr Hellestranda rundt YX kl 1900 45 tempo/rulle
tors 01.mai Guddalen rundt Dingemoen kl 0900 60 tempo/bakketrening fridag
sund 04.mai Dale-Leirvik-Lavik-Dale Dingemoen kl 0900 110 roleg tur
tys 06.mai Nautsundet Dingemoen kl 1900 40 tempo/bakketrening
tors 08.mai Sande-Bringeland-Bygstad YX kl 0900 75 roleg tur fridag
sund 11.mai Skifjorden rundt Dingemoen kl 0900 90 roleg tur
tys 13.mai Hellestranda rundt YX kl 1900 45 tempo/rulle
tors 15.mai Nautsundet Dingemoen kl 1900 40 tempo/bakketrening
sund 18.mai Skifjorden rundt Dingemoen kl 0900 90 roleg tur
tys 20.mai Hellestranda rundt YX kl 1900 45 tempo/rulle
tors 22.mai Nautsundet Dingemoen kl 1900 40 roleg tur
sund 25.mai JØLSTER RUNDT 90 Turritt landeveg
tys 27.mai Hellestranda rundt YX kl 1900 40 tempo/rulle
tors 29.mai Nautsundet Dingemoen kl 1900 40 roleg tur
lør 31.mai BERGEN-VOSS 170 turritt landeveg http://www.bergenvoss.no
lør 31.mai NORHEIMSUND-VOSS 78 turritt landeveg http://www.bergenvoss.no
tys 03.jun Hellestranda rundt YX kl 1900 45 tempo/rulle
tors 05.jun Nautsundet Dingemoen kl 1900 40 tempo/bakketrening
søn 08.jun NIBBERITTET Geiranger 21 motbakke-ritt http://www.frafjordtilfjell.com
tys 10.jun Hellestranda rundt YX kl 1900 45 tempo/rulle
tors 12.jun Nautsundet Dingemoen kl 1900 40 roleg tur Fridag
lør 14.jun NORDFJORDRITTET 130 turritt landeveg http://www.nordfjordrittet.no
lør 14.jun LANDEVEISBIRKEN  Turritt landeveg www.birken.no
lør 14.jun NORDSJØRITTET 91 turritt terreng http://www.nordsjorittet.no
lør 28.jun HALLINGRITTET Gol 42 turritt terreng http://www.hallingtrippelen.no
lør 02.aug POSTVEGRITTET Turritt terreng www.postvegrittet.no
lør 30.aug BIRKEBEINERRITTET 94 Terreng www.birken.no

TRENINGSTURAR FOR AKTIVE ETTER NORDFJORDRITTET OG FRAM TIL BIRKEN

TYSDAGAR    KL 1900:                     HELLESTRANDA RUNDT          45 km          Terskel/intervall på racer          Oppmøte ved YX.

TORSDAGAR KL 1900:                     Postvegløypa i Dale og Flekke                     Terreng/grus                                Oppmøte ved Fjalerhallen.

Det vert ikkje lagt opp til faste langturar kvar sundag slik det har vore fram til Bergen-Voss, til det er det desverre litt for ustabilt oppmøte. Ettersom hovedmåla for dei fleste no er Postvegrittet og Birken, vil det verte lagt opp til langturar i Postvegløypa, men det krev ikkje alt for vått ver. Satsar på å sende ut SMS og bruke Facebook når ver og tilhøve gjer det aktuelt å sykle.

TYPE  TRENING:

Tempo/rulle: Treningar tysdag føregår som regel som tempo/rulle. Opplegget skal passe for alle. Felles oppvarming frå Dale til Eikenes, deretter prøver vi å halde ilag som gruppe med fokus på å køyre rulle. Dei sterkaste køyrer framme og tek ansvar for å dra gruppa. Denne økta skal gå i høg puls, sone 3-4 med fokus på jamt drag og på å auke køyrestyrken.

Tersk/bakkeintervall: Treningar torsdag føregår som regel som Terskel/bakkeintervall trening. Opplegget skal passe for alle aktive, og måten vi gjer dette på er fylgjande:

Felles oppvarming frå Dale til Flekke.
Individuell trening frå Flekke til Nautsundet. Her er det opp til kvar enkelt å enten køyre tempo og trene på terskel dvs puls mest mogeleg på 85-90% (sone 4), eller køyre intervallar 4 minutt e.l. Dei raskaste til Nautsundet venter, eller eventuelt tar ein tur vidare til Skor før dei snur tilbake. Felles samling i buss-skuret i Nautsundet før retur.
Nautsundet-Flekke føregår som fellesøkt med fokus på køyring i rulle. Dette er det viktig at alle som syklar ritt får trening på. Opp Stavsdalen er individuell trening med fokus på bakkesykling/intervall.

Langtur:     Roleg langtur i sone 1 og 2. Fokus på køyring i rulle/kjede, sosial tur som skal passe for alle aktive ryttarar, men med spesielt retta mot dei som skal delta på lengre ritt som t.d.  Bergen-Voss.

Terreng:      Tur med offroad sykkel, trening stort sett i høg sone. Satser på trening langs Postvegløypa, difor oppmøte
ved Fjalerhallen. Dersom veret er dårleg og traseen er for blaut, vert det alternativ trase, eventuelt
at ein tek runda rundt Strandavatnet.

OPPSTART TERRENG ETTER NORDFJORDRITTET
.
Alle treningsturar type Langtur og Terskel forutset at du helst har ein racer sykkel, elles vil du slite for å halde tilstrekkeleg
stor fart. Vi har klubbsyklar til utlån.Ynskjer du å låne racer-sykkel av oss, ta kontakt på førehand. Vi har fylgjande syklar:

Small 46cm          passar til 10-12 år                 Står hjå Kjetil      97032034
Medium 48 cm     passar til høgde ca 160 cm     Står hjå Linda      99017852
Medium 50 cm     passar til høgde ca 170 cm     Står hjå Ståle       95102565

Alle syklane har kombi-pedaler slik at du kan bruke vanlege sko eller spinning. Du må gjerne låne syklane våre
utanom felles treningar.

Trening type Intervall kan gjerne gjennomførast med hybrid/terrengsykkel.