Sykkel

Dale IL Sykkel er til for deg som ville drive med sykling.
 
 
Gruppa tel idag nærare 20 aktive syklistar. Vi deltek på fleire større sykkelritt gjennom sesongen som t.d Bergen-Voss,
Nordfjordrittet, Birkebeiner-rittet, Jølster Rundt og vårt eige ritt, Postvegrittet.
 
 
Vi merkar at interessa for sykkelsporten er aukande i Dale, difor arbeider vi for å legge til rette for meir aktivitet. Vi har faste
treningar ute gjennom heile sommarhalvåret, ynskjer du å trene sykkel inne er det tilbod om 
spinning i Dingemoen Treningsstudio gjennom vinteren. Vi har og faste treningar ute for barn og unge.  
Dale IL Sykkel har 3 rekrutterings-syklar for landeveg, slik at vi kan tilby nye interesserte i å prøve seg saman med oss.
Syklane passar for 12 år og oppover. Ynskjer du å prøve ein av våre syklar ta kontakt med ein av oss i styret.

 

For å delta på organisert trening ute må du vere medlem i Dale IL Sykkel. Medlemskontingent vert kravd inn årleg. 
Som medlem får du 20% rabatt på syklar og sykkelutstyr/bekledning hjå MX Sport Alf Salbu AS i Dale.

Vi har faste klubbtreningar ute i sommarhalvåret, sjå under treningstider kva tider vi trenar og kva turer som er planlagt.

 
 

Vår hovudsponsor
 
ssf_logo.gif

Støtt og våre andre støttespelarar
skår.bmp
coop.jpg