Herre- og Damelag

Damelaget

Damelaget til Dale IL hadde sin fjerde sesong (2015/16) i 3. divisjon og vart suveren serievinnarar.
Sesongen 2014/15 kom laget på 2. plass og var direkte kvalifisert til 2. divisjon. Tilsvarande som i 2013/14 var vi avhengig av at Førde rykte opp i 1. divisjon. Nok ein gong var dei veldig nær, men lykkast ikkje.
I år er ambisjonane tilsvarande som  dei siste sesongane, å spele gode kampar og vere kvalifisert for opprykk til 2. divisjon. Grunna omarbeiding av divisjonssystemet, vil årets sesong bli krevjande.

Sesongane (09/10 og 10/11) hamna laget på 2. plass i 4. divisjon og 2011/12 sesong vart det siger og opprykk til 3. divisjon. I 2012/13 eit poeng frå opprykk til 2. divisjon. I 2013/14 vart laget nr 2  og klar for 2. divisjon. Sjølv om det var veldig nær, klarte ikkje partnerskapsklubben Førde opprykk til 1. divisjon, noko som betyr at Dale måtte spele i 3. divsjon og i fjor.

 

Laget består i hovudsak av spelarar under 19 år.

Trenarar
Jonny Pedersen Lagleiar
Leonora Laukeland Kleiven Hjelpetrenar
 Marta Kleiven Hjelpetrenar