Kategoriarkiv: Uncategorized

Vaktliste for HAUST 2017

Her finn du vaktlista for hausten 2017.

Vaktliste HAUST 2017

Vaktlista er basert på dei av dykk som er medlemer og foreldre i Daleidretten. Ditt bidrag her er med på å halde kostnadane i laget på eit lågare nivå. Det medfører m.o.a. at vi kan ha så rimeleg treningsavgift som vi har, om vi samaliknar oss med andre idrettslag.

Det er mykje aktivitet i hallen så desse timane går fort.

God vakt frå
Linda Hovland

Hausten i Dale IL

Hausten er her, fotballen legg bak seg ein utesesong med mange fleire aktive enn nokon gong før. Eg vågar påstanden om at det knapt finnest ein heim i Dale utan ein fotballspelar. Her eit lite glimt frå Kongleriketurneringa på Dingemoen i vår.
Kongleriketurnering

Turgruppa har rydda, merka og utbetra stinettet rundt Dale og på Heileberget og Steiestølen. Flotte turar som fleire enn Dalingen nyttar. Sykkelklubben slår frå seg på landeveg og terreng. Dei er få, men viser godt igjen der dei deltek.
21752605_1555105331218375_531502820511434431_o

Etter haustferien tek inneaktivitetane til for fullt og det blir fullt køyr både ute, i Fjalerhallen og på Dingemoen Skule. Handballen har fleire lag og aktive ein nokon gong tidlegare. Barneidretten sender i desse dagar ut påmelding til dei minste. Eit tilbod der idrettglede, meistring og variasjon står i høgsete. Badminton- og volleyballgruppa er allereie godt igang og har eit supert tilbod til dei som ikkje deltek i konkurranseidrettane.

MEDLEMSKONTINGENT OG TRENINGSAVGIFT
Som de sikkert skjønar så er det ein enorm dugnadsinnsats frå mange personar som gjer at vi kan ha så stor aktivitet med så mange aktive. Men nokre kroner må vi hente inn og framover no så vil vi sende ut faktura på medlemskontigent og treningsavgift for alle gruppene.

Satsane for dette finn du her: Kontigent og treningsavgift

MIN IDRETT
I år har vi gått over til Norges Idrettsforbund sitt system for fakturering slik at du som aktiv kan gå inn via Min Idrett og betale direkte på nett. Vi legg alle inn i dette systemet og vil ha full oversikt over medlemsmasse og kva idrett ein er aktiv i. Dei av dykk som er registrert med kontaktinformasjon i Min Idrett vil få epost om at det ligg faktura til betaling. Andre vil få brev. Gjer deg sjølv den tenesten som føresett eller aktiv, at du gjer deg kjend med systemet, og legg inn rett informasjon.

Det ligg mange medlemer registrert under Dale IL som vil få faktura på støttemedlemskap om ein ikkje er aktiv i ein idrett. I og med at vi går over til nytt system så kan det vere at der ligg medlemer som ikkje har fått faktura på medlemskap på fleire år. Vi håper du framleis vil støtte oss og er med å bidreg til at vi kan gjere ein god jobb for at Dale har aktive ungar, ungdommar, vaksne og eldre.

Linda Hovland,
Leiar
Mob: 99 01 78 52

Årsmøte 2016 for Dale IL

Årsmøte 2016
Stad: Fjalerhallen
Dato: 23.03.2017, KL 19:00

Saker til handsaming

1. Godkjenning av dei dei som har stemmerett
2. Godkjenning av innkalling og saklista
3. Val av dirigent, sekretær og 2 til å skrive under protokollen
4. Handsaming av idrettslaget si Årsmelding 2016
5. Handsaming av Rekneskap 2016
6. Handsame innkomne forslag og saker. Det er 2 saker til handsaming.
6.1 Innkjøp av bil
6.2 Revidering av Dale IL sine vedtekter
7. Fastsetje medlemskontingent
8. Vedta Budsjett for 2017
9. Val
10. Val av representantar til årsmøte i Fjaler Idrettsråd

Etter årsmøte vil det bli orientering om Kaldhallprosjektet.

Årsmelding 2016
Forslag til Nye vedtekter Dale Idrettslag

For andre saksdokument kontakt leiar.

Velkommen
Dale IL
v/ Linda Hovland, leiar
Mob: 99 01 78 52