Badminton

Badminton er ein idrett der alle kan ha det kjekt frå første dag, uansett alder og fysisk form. Dersom ein vel å satse, er det ein variert og krevjande idrett som er stor internasjonalt, til dømes i Danmark, Storbritannia og fleire asiatiske land. I Norge er badminton stort sett drive på hobbybasis, men det er mogleg å delta på mange turneringar, til dømes i Bergen og Ålesund.

 
Her i Dale er vi ein liten kjerne med vaksne og ungdom som spelar fast, men mange som kjem innom meir uregelmessig. Vi tilbyr rettleiing til dei som ønskjer det, og låner ut racket og ball til nye folk som ikkje har kjøpt utstyr enno. Du treng ikkje å ha med ein partnar for å spele. Det er alltid nokon å spele med.

 

 

Kontaktpersonar:

 

 

Hilde Genberg Leiar 90 17 45 25 nc12hgen@staff.rcnuwc.no
Bjarte Fossen   57 73 53 56